Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

I utstillinga Mellom ljos og mørke viser Marianne Moe nye arbeid i ullfilt. Bli med på den første digitale utstillingsopninga i Galleri Salhus, 10. mai kl. 14.

Dette er formale arbeid, bygd opp av handfarga strimler av ullfilt. Skiftingar mellom ljos og mørke, og fargane som oppstår i denne brytinga, er inspirasjon for fleire av arbeida. Mange av arbeida er i store format, og nokre av arbeida er også laga av restar og rører borti tema som ressursutnytting og verdi.

Opninga 10. mai kl. 14:00 blir sendt direkte på nett, lenke til direktesendinga vil bli publisert i arrangementet.

Utstillinga står frå 10.mai til 6.september, og er støtta av Regionale prosjektmidler for visuell kunst og Bergen kommune.

www.mariannemoe.no

____________
Mellom ljos og mørke
Marianne Moe
Galleri Salhus, Norsk Trikotasjemuseum
10.mai–6.september 2020